Jeg hjelper høyfungerende, utmattede og sensitive mennesker fra overlevelse til liv. Trygghet først, endring etterpå. Arbeidet mitt er traumeinformert, somatisk og forankret i nevroplastisitet – med myk styrke som kompass.
Jeg kjenner terrenget innenfra. Egen reise gjennom utmattelse, long covid og overtilpasning har lært meg at kroppen trenger trygghet mer enn press. Vestnorsk natur er hjem og regulator – fjell, vann og lys som minner om røtter, retning og rom. Herfra bygger jeg et arbeid som er sant, varmt og presist.
Utdrag frå eigen journal:
Den dagen eg bestemte meg for at eg ER god nok, var den dagen eg sette meg sjølv fri. Den dagen eg valgte å gå inn i det ukjente, den dagen eg bestemte at å overleve ikkje var nok.
« Å våge er å miste fotfeste en liten stund. Å ikke våge er å miste seg selv» Søren Kirkegård.
Den dagen for kort tid sidan, bestemte eg meg for å ta eit valg om å være modig. Mot til å endre meg. Om å gå dit eg(oet) ikkje ville, heilt inn, i det innerste.
«Innerst i sjelen
Stiger landet frem
En blank og gylden stripe land
Som en gang var mitt hjem»
Sissel Kyrkjebø.
Skallet med sprekker fall frå kvarandre, og der var eg. Ikkje så liten som eg trudde, og heil for første gong. Den gyldne stripa er ukjent, men ikkje lenger redd. Kampen mot meg sjølv har fått fred, motstanden blir mindre, og det som stig fram er vakkert, bevisst og RO.
Mine gamle ego fekk beskjed om å ikkje møte opp lenger, men dei (autopiloten) prøver seg inn bakdøra kvar dag. No klarar eg å kjenne dei att, og øver på å le litt av dei, då forsvinn dei. NO er det mine nye tilstandar som skal regjere.
Krigaren: som aldri gir opp, er modig, dansar med frykten, fokusert og TOLMODIG.
Magikaren: observant, leiken, endrar seg på eit øyeblikk, finn vegen, står stødig. Er i flyt, som ei fjør, tilstede og veit at eg er tatt hånd om.
Elskeren: elsker å jobbe, nyte, VÆRE. Lener seg inn i essensen i seg sjøl, veit at eg er verdig.
Dronninga: sjefa i eige liv, sjølvstyrt, uredd, visjonær, medfølande, finn nye vegar. Intuitiv: du er svaret! Rik på visdom, naken men fullkommen.
Desse 4 gir meg ro, balanse og friheit.
Då desse brikkene fall på plass, vart det intenst! Til tider gløymde eg å ete, drikke og sikkert puste. Det kjentes i alle fall slik ut. Det gjekk frå eit vakum og rett opp i «AWE», ein voldsom entusiasme og energi eg alder før har kjent. Eit trykk i brystet, av opprømtheit denne gongen, det var SÅÅÅÅ mykje som ville ut, som 10 ville hestar. Eg hadde våkna, og det er ingen returbillett!
Alle ord, tema, symbol, ordtak som har festa seg ved meg over mange år, men som eg ikkje har klart å sette i sammenheng, fell no på plass. Plutseleg, sa det «pooofff». Merkeleg og magisk på samme tid.
Eg har i årevis visst at eg vil formidle om det å være usynleg sjuk. Det er det eg sjølv har kjent på, men ikkje skikkelg klart å sette ord på sidan eg vart utbrent (PTSD) for 20 år sidan.
Det er langt å gå, og eit steg om gangen. Berre det å skrive og dele dette innlegget så dukka det opp mange dragar, men eg skal gjere det uansett.
Store dosar aksept, gjer det muleg.